– Vi veit no mykje meir om kva tid villakssmolten vandrar ut frå Lærdalselvi og kor lang tid han bruker på sin ferd ut av Sognefjorden. Vi har funne at temperatur har lite å seie og det ser ut til at det er auke i vassføring meir enn storleiken på vassføringa som avgjer kva tid smolten vel å forlate elva, seier seniorrådgjevar Henning Urke i INAQ.

Han pekar på at slik kunnskap er avgjerande for å treffe rett med tiltak for å halde nede lusepresset frå havbruksnæringa og at det er viktig å skaffe liknande kunnskap om dei same tilhøva i andre viktige lakseelvar. – Det som utløyser smoltvandring er ulikt frå elv til elv, seier han.

Prosjektet med tittelen «Opphaldstid i Sognefjorden for laksesmolt frå Lærdalselvi 2014» har etablert kunnskap om når det bør være minimalt med infektive lakseluslarvar i ytre deler av Sognefjorden med tanke på å unngå negative effektar på laksesmolt frå den største og viktigaste laksebestanden i regionen. Henning Urke har vore leiar prosjektet.

Lærdalselvi har historisk vore lokomotivet i Sognefjorden både med tanke på tal på laks i fangstane og ved at elva stod for 60-70 % av den regionale lakseproduksjonen. Lærdalselvi vil i eit normalår bidra til eit middels godt laksefiske i alle andre vassdrag i fjordsystemet grunna naturleg «feilvandring». Då er det viktig at ein gjennomfører tiltak med størst mogleg presisjon i forhold til både tidspunkt for avlusing og overvaking som har relevans for denne bestanden. Utvandringstidspunkt og opphaldstid i miljø med moglege infektive luselarver vil være viktig informasjon i samband med risikovurderingar knytt til næringa si påverknad på Lærdalslaksen.

På trass av det var ein tidleg vår i 2014, og ein då skulle tru at smolten vandra tidlegare enn vanleg, så var ikkje dette tilfelle for smolten frå Lærdalselvi. Utvandringa av smolt skjedde først når ein fekk ein auke i vassføring, og då gjekk mesteparten av laksesmolten i eit samla smolttog 17-19. mai. Dette var på eit seinare tidspunkt enn kva som var tilfelle både i 2009 og 2013 , då dei første gruppene av smolt gjekk seint april/tidleg mai. – ¬Slike vassdragspesifikke eigenskapar er det viktig å ha oversikt over, slik at ein ikkje mistar vesentleg presisjon med tiltak og slutningar, seier Henning Urke.

I 2014 vandra 90 % av laksesmolten frå Lærdalselvi ut i løpet av ei kort periode 17. -19. mai og desse fiskane passerte ytre del av Sognefjorden frå 23. mai til starten av juni. Denne tidsperioden er sammanfallande med når det nasjonale lakselusovevåkingen fekk størst fangstar i sine trålingar i ytre del av Sognefjorden. Lusepåslaget var lågt på denne gruppa av fisk. Laksesmolten frå Lærdalselvi ser difor ut til å ha kome seg ut av Sognefjorden med eit lågt infeksjonspress av lakselus, noko som og ser ut til å vere tilfelle i 2013.

Prosjektet er finansiert av Østfold Energi AS, Haugland Gruppen AS, Marine Harvest Norway AS, Osland Havbruk AS, Sulefisk AS, Firda Sjøfarmer AS og Sogn og Fjordane Fylkeskommune gjennom Marint Verdiskapingsfond.

 

 

Kommende kurs

Kontakt Oss

Telefon: 73 80 65 00
E-post: post@inaq.no

Besøksadresse

Brattørkaia 15 B, Trondheim

Postadresse

Postboks 1223 Sluppen

7462 Trondheim

Design og utvikling : Luculentus as - Trondheim