Resultata frå ein forskingsrapport viser at «trafikklysvurderingane» i 2017 la til grunn eit for seint utvandringstidspunkt i høve til kva tid smolten frå Stryneelva faktisk opptrer i fjordområdet. Dette medfører at dei vurderingane som er gjort i forhold til å fastsette påverknad på den konkrete bestanden er lite presise i høve til det som er reelt.

Det er i rapporten «Laks- og aurebestanden i Strynevassdraget; vandrings-mønsteret hjå laksesmolt og aure, ungfiskproduksjon og botndyr» at m.a. dette kjem fram.

INAQ og samarbeidande institusjonar har brukt akustisk telemetri som metodikk over fleire tiår. Akustisk telemetri er ein teknologi som er mykje nytta i undersøkingar av fiskevandringar i vassdrag- , fjord- og kystsystem. Gjennom å merke fisk med akustiske sendarar, og utplassere eit nettverk av passive lyttebøyer som fangar opp signal frå sendarane, vil individuelle fisk kunne identifiserast og plasserast i tid og rom. Akustisk telemetri fungerer både i ferskvatn og sjøvatn, og er difor ein særs godt eigna metode for kartlegging av heile elve- og fjordvandringa hjå smolten.

Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd til smolt av laks og aure vart undersøkt ved hjelp av akustisk fisketelemetri i Stryneelva og Nordfjord sesongen 2017. Vidare vart det gjennomført granskingar knytt til ungfisk og botndyr i Stryneelva, Erdalselva og Hjelledøla.

Laksesmolt vart registrert i elvemunninga i perioden 2.- 28. mai, med klare toppar 6.-7. mai og 17.-18. mai. Nedvandringa hjå både laks- og auresmolt var i stor grad styrt av den relative vassføringsauken frå ein dag til den neste. Med denne variabelen vart det for 2017 prediktert med 97 % presisjon når den merka laksesmolten starta nedvandringa si.

For laksesmolten frå Stryneelva var det ingen markerte flaskehalsar i overleving frå elv til ytre del av fjorden. Opphaldstida for den einskilde laksesmolten var 3–4 dagar i ytre del (sone 4–6) av Nordfjorden (ut til Måløy-Gangsøy-Husevågøy). For laksesmolten frå Stryneelva er det dermed smittepresset i veke 19 og 21 som var avgjerande for havbruksnæringa si direkte påverknad i 2017.

Ny teknologiutvikling har gjeve akustiske merke med djupnesensorar som er små nok til å kunne nyttast på vill smolt. Gjennom å nytte slike merke kunne vi kartleggje djupnebruken til laksesmolten gjennom vandringa mot havet. Likeins med den merka laksesmolten, var djupnebruken hjå den merka auresmolten prega av at dei for det meste nytta dei øvste to meterane av vassøyla. På same måte som laksesmolten, nytta auresmolten grunnare vasslag di lenger ut i fjorden dei kom.

Ekspertutvalet for trafikklysregimet nyttar tre kategoriar når kunnskapsnivå om ulike vassdrag skal vurderast, der 0 er ingen data, 1 er litt data og 2 er data over fem år. Stryneelva er gjennom dette prosjektet løfta frå kategori 0 til 1. Mediant utvandringstidspunkt for dei laksesmoltane som kom seg ut av Nordfjorden var 9. mai i 2017. Mediant utvandringstidspunkt for laksesmolt frå Stryneelva er i trafikklysregimet sett til 21. mai.

Våre resultat viser vidare at «trafikklysvurderingane» i 2017 la til grunn eit for seint utvandringstidspunkt i høve til kva tid smolten frå Stryneelva faktisk opptrer i fjordområdet. Dette medfører at dei vurderingane som er gjort i forhold til å fastsette påverknad på den konkrete bestanden er lite presise i høve til det som er reelt. Vi vil presisere at det ligg føre berre eitt år med data på laksesmolten frå Stryneelva. Det er difor viktig å få gjennomført studiar over fleire år for å få meir presise estimat som fangar opp år-til-år-variasjon.

I Nordfjord må det difor genererast eit datasett over fleire år slik mellomårsvariasjonen i utvandringstidspunkt og vandringsmønster i fjorden vert kartlagd. Dette bør også gjelde for andre aktuelle vassdrag i området der slik kunnskap i dag er fråverande. Dette vil vere med på å redusere usikkerheita som i dag rår ved fastsetting av fargen på trafikklysa. Det vil også bidra til at oppdrettarane kan setje i verk tiltaka sine på rett tidspunkt, noko som vil sikre både større presisjon og effekt av tiltaka for å redusere påverknad av oppdrett på laksefisk frå Stryneelva.

Dei låge tettleikstala for auren i Strynevassdraget er urovekkjande, særleg når dette vert sett i samanheng med at både fangsttal og gytefiskregistreringar har peika nedover dei seinare åra. Dette kan tyde på at bestanden no er rekrutteringsbegrensa. I denne situasjonen, med både nedgåande rekruttering og gytepopulasjon, er det avgjerande viktig å finne dei begrensande faktorane som er årsak til dette.

Prosjektet har framskaffa ny og konkret kunnskap om vandringsåtferda til vill laks- og auresmolt i Nordfjorden, og ut frå dette kva tid på våren det ideelt sett burde vere minimalt med infektive lakseluslarvar i Nordfjorden for redusere negative effektar på laksesmolt frå det nasjonale laksevassdraget Stryneelva i 2017. Trass i at det trengs observasjonar over fleire sesongar for å kunne konkludere, meiner vi at oppdrettsnæringa allereie no kan grovinnstille tiltaka sine mot lakselusa inn mot denne tidsperioden. Vidare er resultata frå prosjektet ei viktig datakjelde for utforming av overvakingsprogram (måle på rett tid og stad), for å kunne gje mest mogleg relevante tal med omsyn til verknad av lakselus på laksesmolt frå Strynevassdraget. Elveeigarane har no gode argument for at lusenivået bør vere så lågt som mogleg i den aktuelle tidsperioden.

 

Stryn Elveeigarlag, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Blom Fiskeoppdrett AS
Nordfjord laks AS, K. Strømmen Lakseoppdrett AS, Marine Harvest Norway AS
Nordfjord Forsøksstasjon AS og Selstad AS har finansiert arbeidet. Arbeidet er uført av NMBU, NTNU og INAQ.

Urke, H.A., Haugen, T.O., Kjærstad, G., Alfredsen, J.A. & Kristensen, T. 2018. Laks- og aurebestanden i Strynevassdraget; vandringsmønsteret hjå laksesmolt og aure, ungfiskproduksjon og botndyr. - MINA fagrapport 48. 56 s.

Kommende kurs

Kontakt Oss

Telefon: 73 80 65 00
E-post: post@inaq.no

Besøksadresse

Brattørkaia 15 B, Trondheim

Postadresse

Postboks 1223 Torgarden

7462 Trondheim

Design og utvikling : Luculentus as - Trondheim